<

Kurs i Livsstyrketrening

Kurs i Livsstyrketrening på Bømlo Livsstyrketrening er eit kurs utarbeidd for menneske med ulike helseplager. Det er godt eigna for alle som vil læra meir om korleis handtera stress og kvardagslege utfordringar. Oppmerksamt nærvær / mindfulness er grunnleggjande metodar i kurset. Gjennom ulike øvingar får deltakarane kunnskap og erfaring om korleis dei kan endra si merksemd; frå problem og plager til ressursar og moglegheiter. Ved å auka merksemda på kropp, tankar og følelsar, får du moglegheit til å styrkja forståinga di for kven du er og kva ressursar, moglegheiter og val du har. Personar som tar kurs i livsstyrketrening, har kanskje over lang tid levd med belastningar og krav frå jobb og/eller privatliv som påverkar helse og livskvalitet. Kurset gir moglegheit til auka bevisstheit på vanar og mønster i kvardagen, samt sjå samanheng mellom tankar, kjensler, kropp og korleis dette påverkar heile livssituasjonen. Kurset går over 10 gonger, varigheit 4 ½ time kvar gong. Oppstart måndag 14.09.20. Kl. 09.30-14.00 Stad: Bømlo kulturhus Kurset er gratis. Kven er med? Monica Braaten Hovland Psykiatrisk sjukepleier, rettleiar og livsstyrketrenar. Siri Berge Ravnås Sosionom, rettleiar og livsstyrketrenar. Sjå meir; https://www.bomlo.kommune.no/kunngjeringar/kurs-i-livsmeistring-og-livsstyrke.235117.aspx Kontaktinformasjon; monica.braaten.hovland@nav.no

Kurs i Livsstyrketrening 

Livsstyrketrening er eit kurs utarbeidd for menneske med ulike helseplager.  Det er godt eigna for alle som vil læra meir om korleis handtera stress og kvardagslege utfordringar. Oppmerksamt nærvær / mindfulness er grunnleggjande metodar i kurset. Gjennom ulike øvingar får deltakarane kunnskap og erfaring om korleis dei kan endra si merksemd; frå problem og plager til ressursar og moglegheiter. Ved å auka merksemda på kropp, tankar og følelsar, får du moglegheit til å styrkja forståinga di for kven du er og kva ressursar, moglegheiter og val du har.

Personar som tar kurs i livsstyrketrening, har kanskje over lang tid levd med belastningar og krav frå jobb og/eller privatliv som påverkar helse og livskvalitet. 
Kurset gir moglegheit til auka bevisstheit på vanar og mønster i kvardagen, samt sjå samanheng mellom tankar, kjensler, kropp og korleis dette påverkar heile livssituasjonen. 

Kurset går over 10 gonger, varigheit 4 ½ time kvar gong. 
Oppstart måndag  14.09.20. Kl. 09.30-14.00 
Stad: Bømlo kulturhus Kurset er gratis. 

Kven er med? 
Monica Braaten Hovland Psykiatrisk sjukepleier, rettleiar og livsstyrketrenar. 
Siri Berge Ravnås Sosionom, rettleiar og livsstyrketrenar. 


Sjå meir;  https://www.bomlo.kommune.no/kunngjeringar/kurs-i-livsmeistring-og-livsstyrke.235117.aspx