<

Livsstyrketreningskurs å meistre livet og jobben Helse Førde Lærings og meistringssenteret avdeling Florø

Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Helse Førde arrangerer Livsstyrketrening der målet er betre helse, auka livsmot og meistring. Kvar samling innheld tema som er relevant for forholdet mellom arbeidsliv og det å leve med ein utfordrande livssituasjon og/eller kronisk sjukdom. Tilbodet er spesielt for deg som er heilt eller delvis sjukemeld eller står i fare for å bli det. Målgruppa er menneske med samasette plagar knytt til muskel- og skjelettlidingar, stressreaksjonar, utbrenning og lettare depresjonar. Innhald: Eit meistringskurs med veiledning i grupper (6-8 personer) for deg som har behov for eller ønske om å meistre og styrke livet utifrå den aktuelle livssituasjonen. Via oppmerksomhetstrening og ulike kreative læremetodar arbeider vi med bevisstgjering av: •tankar, kjensler og kropp, •dine ressursar og moglegheiter •vanar og mønstre i kvardagen – og i arbeidslivet. Programmet går over 9 samlingar med eit obligatorisk informasjonsmøte på førehand. Vi arrangerer 4 kurs i året og du treng tilvising frå lege for å delta. For meir informasjon om kurset kan du kontakte: Lærings- og meistringssenteret, Nina eller Camilla: 57 75 10 01 / 41 53 05 49.

 

 

http://helse-forde.no/arrangementer/livsstyrketrening-a-meistre-livet-og-jobben-2018-02-26